Discussion:
[i18n-no] Omsetting av «slider thumb»
Johnny A. Solbu
2015-11-13 20:18:44 UTC
Permalink
men kanskje "spake" er betre enn "glidebrytar"?
Ja. Det er faktisk korrekt også, og er et godt innarbeidet uttrykk i bransjen.
--
Johnny A. Solbu
web site, http://www.solbu.net
PGP key ID: 0xFA687324
Kolbjørn Stuestøl
2015-11-13 21:19:38 UTC
Permalink
* -0.7 RCVD_IN_DNSWL_LOW RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [194.63.252.55 listed in list.dnswl.org]
* 0.0 MIME_QP_LONG_LINE RAW: Quoted-printable line longer than 76 chars
* 2.5 DRUGS_MUSCLE Refers to a muscle relaxant
Post by Johnny A. Solbu
men kanskje "spake" er betre enn "glidebrytar"?
Ja. Det er faktisk korrekt også, og er et godt innarbeidet uttrykk i bransjen.
Språk er ikkje alltid logisk eller eintydig. Eg har tidlegare arbeidd
litt med lyd og lys. Der brukte vi "spakar" for å "feide" lys og lyd
både opp og ned. Dette sjølv om "fade" opphavleg er å tone ut, visne.
Blir litt som å heise flagget opp eller ned.
Av same grunn ser eg "glidebrytar" som ulogisk. Korleis kan ein bryte
straumen litt av eller på?

Men opphavet til denne tråden var vel kva knotten på
glidebrytaren/spaken/fadaren skal kallast. I dei tilfella eg har vore
borte i, er det nok å skrive "Ta tak i glidebrytaren", men det er
kanskje spesielt tilfelle der denne skyvaren treng eit namn?
Kan "skyvaren" vere eit forslag? Nemninga er brukt på flyttbare knappar
på t.d. måleapparat. Eventuelt med tilføyinga "på/til
glidebrytaren/spaken". (Eg går ut frå at "Fadaren"/"Faderen" ikkje blir
tatt i bruk, med eller utan fornorsking).

Helsing
Kolbjørn Stuestøl
Kjetil Torgrim Homme
2015-11-13 17:23:16 UTC
Permalink
* -0.7 RCVD_IN_DNSWL_LOW RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [87.238.34.2 listed in list.dnswl.org]
«Slider» er sett om til «glidebrytar» i fellesordlista. Men kva
kallar
me den knotten som me flyttar på på glidebrytaren? På engelsk heiter
dette «slider thumb». Sjå illustrasjon på
http://brennaobrien.com/blog/2014/05/style-input-type-range-in-every-
browser.html
Eg er freista til å kalla det «glidebrytarknott», men han kan ha
ulike
http://www.androidtapp.com/wp-content/uploads/2012/05/Slider-Widget-S
lide-to-adjust.png
Loading Image...
Bokmålsomsettinga av KDE brukar «glidebryterknapp».
Forslag? Synspunkt?
treng vi eit eige namn på dette?  eg synest det fungerer å seie "ta tak
i glydebrytaren".  evt. kan vi bruke ordet "spak" når det trengs, for å
behalde koplinga til ein miksepult.  eg ville unngått å bruke ordet
"glidebrytarspak", og heller skrive "spaken til glidebrytaren".
--
venleg helsing,
Kjetil T.
Kjetil Kilhavn
2015-11-13 12:32:29 UTC
Permalink
«Slider» er sett om til «glidebrytar» i fellesordlista. Men kva kallar
me den knotten som me flyttar på på glidebrytaren? På engelsk heiter
dette «slider thumb». Sjå illustrasjon på
http://brennaobrien.com/blog/2014/05/style-input-type-range-in-every-browser
.html
Eg er freista til å kalla det «glidebrytarknott», men han kan ha ulike
http://www.androidtapp.com/wp-content/uploads/2012/05/Slider-Widget-Slide-to
-adjust.png http://qwt.sourceforge.net/sliders.png
Bokmålsomsettinga av KDE brukar «glidebryterknapp».
Forslag? Synspunkt?
Eg antar ein har bruk for dette uttrykket kun i enkelte tilfelle. Normalt vil
ein vel bruka glidebrytar, men når ein spesifikt skal referera til den biten
ein kan ta tak i for å endra verdien synes eg «handtak» er ein god
beskrivelse.

Dessutan meinar eg å ha sett det betegna «slider handle» - så eg kan ikkje ta
mykje ære for forslaget mitt.

Track = spor eller bane?


PS: Ver grei og sjå mellom fingrane på språklege feil. Eg har berre hatt
nynorsk som sidemål. Når eg vaks opp var det tradisjon at det i nynorskklassen
(mest) bare var unger frå «bygda». Men eg øvar, i alle fall av og til...
--
Kjetil Kilhavn
Fornøyd bruker av fri programvare (KDE/openSUSE)
Karl Ove Hufthammer
2015-11-25 20:59:08 UTC
Permalink
* -0.7 RCVD_IN_DNSWL_LOW RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [208.97.132.208 listed in list.dnswl.org]
* 0.0 MIME_QP_LONG_LINE RAW: Quoted-printable line longer than 76 chars
Post by Kjetil Kilhavn
Bokmålsomsettinga av KDE brukar «glidebryterknapp».
Forslag? Synspunkt?
Eg antar ein har bruk for dette uttrykket kun i enkelte tilfelle. Normalt vil
ein vel bruka glidebrytar, men når ein spesifikt skal referera til den biten
ein kan ta tak i for å endra verdien synes eg «handtak» er ein god
beskrivelse.
Eg synest dette var eit godt forslag, og har no lagt det inn i
fellesordlista.

Og for dei som spurde om me eigentleg treng eit eige ord for dette: I
utgangspunktet nei; me kan godt seia «ta tak i glidebrytaren». Men det
finst éin plass i KDE/Qt der ordet er brukt til å skildra nettopp denne
delen av glidebrytarkontrollen, og der treng me eit eige ord.

Når det gjeld sjølve omsettinga «glidebrytar», er kanskje denne litt
rar, men dette er så innarbeidd på norsk (dataspråk) at det ikkje er
aktuelt å endra dette – med mindre nokon kjem med eit fantastisk anna
forslag som er mykje betre og som ingen har tenkt på før.
--
Karl Ove Hufthammer
Loading...