Discussion:
[i18n-no] Flytting av pikslar
Kolbjørn Stuestøl
2017-06-25 19:23:39 UTC
Permalink
* -0.7 RCVD_IN_DNSWL_LOW RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [194.63.252.55 listed in list.dnswl.org]
* 0.0 MIME_QP_LONG_LINE RAW: Quoted-printable line longer than 76 chars

I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett
det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre? (Ordet warp
kjenner eg elles berre frå trevare: planka «slår seg»).

Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre biletet.
Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt gjennomsiktige, men
eg kan også velja å bruke
1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet
2. farge frå motsett kant av biletet.
I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre
sida, dukke opp på venstre sida.
I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop".

Eg meiner å ha sett omsetjingar av /diskusjonar om dette «fenomenet»,
men greier ikkje å finne ut kvar. Kanskje fordi den engelske teksten har
brukt andre ord?
Håper nokon kan hjelpe.
Helsing
Kolbjørn
Karl Ove Hufthammer
2017-07-12 16:41:30 UTC
Permalink
* -0.0 RCVD_IN_DNSWL_NONE RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [208.97.132.208 listed in list.dnswl.org]
* 0.0 MIME_QP_LONG_LINE RAW: Quoted-printable line longer than 76 chars
Post by Kolbjørn Stuestøl
I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett
det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre?
Eg synest «forvrenging» er best.
Post by Kolbjørn Stuestøl
Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre
biletet. Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt
gjennomsiktige, men eg kan også velja å bruke
1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet
2. farge frå motsett kant av biletet.
I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre
sida, dukke opp på venstre sida.
I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop".
Må det vera korte tekstar? Viss ikkje, kan du kanskje kalla alternativ 1
«Næraste piksel» og alternativ 2 «Motsett sidekant»? Det bør jo vera
ganske forståeleg (meir det enn dei engelske orda er).
--
Karl Ove Hufthammer
Kolbjørn Stuestøl
2017-07-12 19:21:49 UTC
Permalink
* -0.7 RCVD_IN_DNSWL_LOW RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [194.63.252.55 listed in list.dnswl.org]
Post by Karl Ove Hufthammer
Post by Kolbjørn Stuestøl
I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett
det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre?
Eg synest «forvrenging» er best.
Einig.
Post by Karl Ove Hufthammer
Post by Kolbjørn Stuestøl
Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre
biletet. Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt
gjennomsiktige, men eg kan også velja å bruke
1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet
2. farge frå motsett kant av biletet.
I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre
sida, dukke opp på venstre sida.
I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop".
Må det vera korte tekstar? Viss ikkje, kan du kanskje kalla alternativ
1 «Næraste piksel» og alternativ 2 «Motsett sidekant»? Det bør jo vera
ganske forståeleg (meir det enn dei engelske orda er).
Det er rimeleg god plass. (Førebels er det ikkje råd å omsetje desse to
orda, men eg reknar med at feilen blir retta opp nokså snart sidan dette
er ein menytekst. Det finst ein del tilfelle i GIMP der programmerarane
har gløymd å "localize" tekstane).
Det ser forresten ut til at fleire språk enn norsk har problem med desse
to orda i denne samanhengen.
Helsing
Kolbjørn

Loading...