Discussion:
[i18n-no] Nye namn Lokalize-prosjektfiler for KDE
Karl Ove Hufthammer
2016-02-14 16:11:02 UTC
Permalink
* -0.7 RCVD_IN_DNSWL_LOW RBL: Sender listed at http://www.dnswl.org/, low
* trust
* [208.97.132.208 listed in list.dnswl.org]

Til orientering har eg no endra namn på Lokalize-prosjektfilene for KDE
i SVN. Dei heiter no

kde-nynorsk.lokalize
og
kde-bokmal.lokalize

i staden for dei gamle namna index.lokalize (og index.ktp for eldre
Lokalize-versjonar). Eg gjer det slik for at det skal vera meir
oversiktleg i lista over prosjekta. (Viss ein har mange prosjekt, er det
litt uoversiktleg at alle heiter «index.lokalize».)

Så viss nokon skal arbeida med KDE-omsettinga på nynorsk eller bokmål,
må de altså passa på å opna dei nye prosjektfilene. (Alt anna fungerer
som før.)
--
Karl Ove Hufthammer
Loading...